Torsdag 4.april 2019 ferdig

Det var 5 frammøte og turneringa gjekk over 3 rundar. Epen og Ruben
tok dei første plassane på lik poengsum, med Gunnar som nummer tre.
.
Spesielt var det kjekt med ein ny spelar, Frode Bjørnstad, som vi
ynskjer  hjarteleg velkomen i klubben.

Bergerformatet for klubbmeisterskapen førte til at mange ikkje melde seg på, og står utan tilbod om klubbsjakk så lenge turneringa pågår. Vi testar med dette kor spelesugne medlemmene er.

På tirsdagene spelar vi klubbmeisterskapen som Bergerturnering fram til 21.mai. Det er ein lukka turnering og i den perioden kan dessverre ikkje nye kome til og få spele sjakk om tysdagen. Men annankvar torsdag har vi også sjakkveld, nokre gonger med eit lite foredrag og spel etterpå, andre gonger med ein hurtigsjakkturnering. Her er nye folk hjarteleg velkomne. Fylg med på heimesida.