KM-turnering 19.mars- tirsdager pågår

Klubbmeisterskapen runde 5: Spenning i toppen!
Runde 5 i klubbmeisterskapen er ferdig. Espen, Henrik og Sigurd vann sine parti, Reidar og Einar spela remis. Både Espen og Henrik har vunne alle parti til no, og spenningen i toppen vil nok halde seg heilt fram til siste runde.

Klubbmeisterskapen vil vare litt ut i mai. Parti kan avtalast då eller ein annan dag i vekene framover viss forfall på tysdager blir varsla på førehand. Alle får ein (1) walkover med 0 poeng i løpet av turneringa.

Vi spelar klubbmeisterskapen som Bergerturnering fram til 21.mai. Det er ein lukka turnering og i den perioden kan dessverre ikkje nye kome til og få spele sjakk om tysdagen. Men annankvar torsdag har vi også sjakkveld, nokre gonger med eit lite foredrag og spel etterpå, andre gonger med ein hurtigsjakkturnering. Her er nye folk hjarteleg velkomne. Fylg med på heimesida.

Spelelista finn deHER.
Spelte parti i turneringa finn de HER (11 parti)

Resultat frå 1. runde kan de sjå direkte HER. Oppsett for dei andre rundane vel de like over tabellen som då kjem fram !

Til høsten blir det Konrad igjen slik at nye medlemmer lett kan komme til underveis.

pokal