Espen vann klubbmeisterkapen!

Niande og siste runde er ferdigspela. Espen er den einaste som ikkje har tapt poeng gjennom turneringa, han vann alle partia. Gratulerer, Espen!. Det gjenstår 3 utsette parti, så resultatlista er ikkje fullstendig enno.

Hengeparti kan avviklast torsdag 23 mai kl 19. Sidan det ikkje er alle som har kunna spele i dei oppsette rundane, gjenstår det nokre hengeparti. Desse kan avviklast 23. mai i klubblokalet. Dei som skal nytte seg av dette gjev beskjed til Sigurd (95746021).

Klubbmeisterskapen vil vare litt ut i mai. Parti kan avtalast ein annan dag i vekene framover viss forfall på tysdager blir varsla på førehand. Alle får ein (1) walkover med 0 poeng i løpet av turneringa.

Vi spelar klubbmeisterskapen som Bergerturnering fram til 21.mai. Det er ein lukka turnering og i den perioden kan dessverre ikkje nye kome til og få spele sjakk om tysdagen. Men annankvar torsdag har vi også sjakkveld, nokre gonger med eit lite foredrag og spel etterpå, andre gonger med ein hurtigsjakkturnering. Her er nye folk hjarteleg velkomne. Fylg med på heimesida.

Spelelista finn deHER.
Spelte parti i turneringa finn de HER (19 parti)

Resultat frå 1. runde kan de sjå direkte HER. Oppsett for dei andre rundane vel de like over tabellen som då kjem fram !

Til høsten blir det Konrad igjen slik at nye medlemmer lett kan komme til underveis.

pokal