Lokal-avis om 100- åringen

Var daud av tyfus og skulle skytast ved daggry, men i dag er Torvald 100 år

 Med glimt i auga og ein tidsriktig og jovial olboge, helsa Torvald Karlsen velkommen for ein prat i samband med hans runde dag. Onsdag fylte han ærbødige hundre år.

Tobben med presangen fra Løperen
Jorun Larsenjorun@grenda.no

Publisert: 09.06.2021 14:06Sist oppdatert: 19:47

Midt i Sæbøvik sentrum har Torvald og kona hans Klara funne seg til rette i ei leilegheit med fritt utsyn utover fjorden. Såpass måtte det vera for ein som er oppvaksen ved havet, nærare bestemt på Kinn vest for Florø.

Ekteparet flytta frå Bergen til Halsnøy for to og halvt år sidan, noko som vert forklart som eit naturleg val då begge borna deira, Rune og Janet Alice, allereie budde der. Klara, fødd Mæland, er fødd og oppvaksen i Uskedalen, og familien har difor feriert på Nedre Fet dei siste sytti åra.

– Ja, eller eitt år var eg i Amerika, men vi har alltid lengta mot Uskedalen om somrane. I alle åra då ungane var små nytta me somrane der, og det var fantastisk kjekt å ha ein stad å reise til. Dei første åra hjelpte eg svigerforeldra mine med høying og arbeid på garden, men seinare har det blitt mykje tid til fiske. Først hadde eg ein robåt, men så fekk eg meg motorbåt. Den har eg enno, smiler Torvald nøgd.

Det var difor i Uskedalen ekteparet gifta seg for 70 år sidan, og fleire av hans tidlegare runde dagar har blitt feira med brask og bram i Ungdomshuset i dalen. Når Torvald fortel om dette er ikkje smilet langt unna.

Vyrde helsingar

Då Grenda er på gratulasjonsvisitt til jubilanten er sonen Rune til stades, og helsinga frå Kongen står vidopen på stovebordet.

– Kongen har skrive namnet feil, med H. Torvald vert skrive utan h, forsikrar Rune, før han held fram å fortelja om dei andre gåvene og blomebukettane som står på bordet.

Her kan nemnast bok og bukett frå presidenten i Norges Sjakkforbund, signert: med sjakklig hilsen Morten Madsen.

Madsen og den inste stamma seniorspelarar frå Løperen sjakklubb i Bergen var dei første til å heidra 100-åringen, som dessutan er æresmedlem i Sjakkforbundet, etter 74 år som aktiv medlem. Førre helg troppa dei opp i Sæbøvik, til nyvaska vindauge og ferske smørbrød.

Presidenten M. Madsen og sønnen Rune i forgrunnen

Eit parti og to med sjakk vart det også høve til. Sjakken er såleis eit naturleg stad å byrja samtalen, noko Torvald med glede snakkar om.

– Løperen sjakklubb er jo oppkalla etter ein av brikkene i spelet. Under krigen var det ikkje noko aktivitetar å vera med på, men etterpå starta me opp. Klubben starta i ein heim i 1945. Eg var ikkje med på oppstarten, men kom tidleg med. Dette året var vi 17 mann, og sjakken har sidan vore ein livslang hobby, fortel Torvald frå sin faste godstol, ein stressless i svart skinn, kor han kan sitja å sjå utover mot sjøen.

I 1946 vann han si første turnering mot dei andre medlemmane i klubben, og sølvpokalen er blant dei han har tatt vare på opp gjennom åra. Han plukkar den ut frå vitrineskapet og viser den stolt fram. Det gav truleg meirsmak å vinna over sine 11 motstandarar, og konkurranseinstinktet ligg tydeleg latent. Utan å skryte, kjem det fram at det har blitt eit akseptabelt samling pokalar og sølvskeier i løpet hans 74 aktive sjakkår, og fleire av desse har han gitt vidare til barnebarna. Ein kan jo ikkje samla på alt, slår han fast.

Det var under krigen Torvald lærte seg spelet. Ein kamerat viste han korleis, og dei brukte spela i lag når Torvald ikkje var til sjøs. Han skulle likevel ønskt at han byrja då han var yngre.

– Dei som vil bli verkeleg gode, må byrja når dei er born. Slik som Carlsen, poengterer han.

Med rating nær xxxx, kallar han seg sjølv for ein god hobbyspelar. Ratingsystemet for sjakk viser til at dei med 2000-2350 er i meisterklassen, medan klasse 1 er frå 1750-2000. Frå 2350 og oppover finn ein eliten, der mellom anna Magnus Carlsen er å finna.

Men sjølv om Torvald, eller Tobben som han vert kalla, har funne både kameratskap og gode konkurrentar i sjakkmiljøet, har livet også bydd på utfordringar utanføre det kvadratiske rutenettet. Då eg undrar kva han har arbeidd med i sitt lange liv, tek han oss enno lenger attende, til tida før han lærte sjakk.

Klamra seg til livet

– Eg har jobba litt hist og pist, og eg byrja tidleg. Eg hadde alltid hatt ein tanke om å bli noko på sjøen, og då eg var 16 år reiste eg til sjøs.

Torvald fortel med roleg røyst korleis han måtte ta dei oppgåvene som var tilgjengeleg. Ein av reisene gjekk til Lettland, no Latvia, der dei ankra opp utanføre Riga. På denne turen jobba han i byssa, sjølv om han helst ville hatt ein anna post. Der skulle vatnet om bord bytast ut, og dei fekk vatn på tønner som dei kunne nytta til matlaging og liknande i mellomtida.

– Eg drakk av vatnet frå ei av desse tønnene, og vart sjuk når vi var på overfarten mot Sunderland i England. På veg over vart det liten storm, og eg fekk plass i midtskipet, der det var sjukelugar. Når vi kom fram stod alle mann på dekk, på rekkje, og styrmannen hadde på seg ein blå frakk, som eg aldri hadde sett han i før. Dei bar meg ut på båre.

Etter å ha blitt undersøkt av legen, kom det fram at han hadde fått tyfus. Ein sjukdom han ikkje ana omfanget av, men som førte til at han vart liggjande på sjukehus i to månadar. Det gjekk så ille at det vart sendt bod heim om at Torvald skulle ta fatt på siste reis. Sjømannspresten kom for å sei adjø, og dei bad Fader vår saman på kvelden, før Torvald, då 17 år, sovna inn.

– Før eg vakna såg eg mor mi ved fotenden av senga. Der sto ho i sin finaste stas og såg på meg, før ho brått forsvann, og eg såg fleire legar i kvite frakkar stå omkring senga. Denne sjuka var det visst ein av tusen som sto over, og dei sa at eg var det verste tilfellet dei hadde sett.

Då han endeleg kunne reisa heim var han ikkje til å kjenne igjen, så skral han var blitt. Men livet klamra han seg fast til, og allereie sommaren 1939, tok han igjen på seg arbeid på båt. Han var då blitt 18 år.

Krigsseglar og dødsdømd gissel

Også dette året vart skjebnesvangert, og Torvald meiner det er vala han tok denne sommaren som gjer at han sit i leilegheita si i Sæbøvik i dag. Han kunne nemleg like godt ha reist med skipet «Atle Jarl» (byggjeår 1919) frå Kristiansand til New York denne dagen. Han hadde reist til Kristiansand for å mønstra på eit anna skip, der han hadde blitt lova arbeid av sin gamle stuert.

«Atle Jarl» var truleg eitt av dei flottaste skipa på denne tida, og då attenåringen kom til kaien i Kristiansand var det dette som låg til kais. Skipet han sjølv skulle mønstra på var forseinka, og han ana ikkje om det ville dukke opp i det heile. Sjølv om det freista å takke ja då nokon ropte ned til han om han ønskte å jobba der, og at dei reiste om få timar, hadde Torvald lært av si mor at eit ord var eit ord. Dimed takka han nei til New York.

Frakteskipet han hamna på skulle reisa til England med kol frå Odda. Då dei kunne sjå kysten av England kom beskjeden om at dei måtte snu. Krigen hadde brote ut mellom Tyskland og England, og ein ny utfordrande periode var i kjømda. Seglturen heimover vart ein nervepirrande affære, noko som toppa seg då det dukka opp ein ubåt på sida deira. Heldigvis var det eit dansk flagg som vart heist, og mannskapet kunne pusta letta ut. Medan krigsseglasa for dei fleste stoppa i Kopervik, vart Torvald verande på båt i fleire av krigsåra.

Etter nokre lange og turbulente år, med ymse arbeid, uvisse og frykt for kva krigen kunne by på, steig han i land i Bergen, som Torvald Kinn, hausten 1944. Før dette hadde han mellom anna blitt tatt som gissel og skulle skytast fordi han hadde tatt seg fri på 1.mai, slik ein annan av dei han arbeidde med hadde gjort.

– 1. mai var Russlands nasjonaldag, og eg vart tatt til gissel for å ha feira denne. Eg og ein mann i 50-åra vart teke til fange og skulle køyrast til Ulven leir utanføre Os, der me skulle skytast dagen etter. Men eg fekk beskjed av den tyske områdesjefen at det ikkje var plass til meg i bilen, og måtte vente i eit skur til neste bil, fortel Torvald alvorstynga.

Skjebnen var atter ein gong på hans side, noko den tyske områdesjefen heldigvis også var. Torvald fekk endeleg, etter å ha venta i skuret over natta, melding om at han kunne få gå, men at han måtte møte opp til arbeid hos områdesjefen dagen etter. Torvald rømde ikkje, sjølv om det vart vurdert, men møtte opp til arbeid neste dag. Grunnen til at han i 1944 gjekk i land med nytt etternamn, var at han måtte få seg nytt pass, då hans gamle var blitt øydelagt på båtferd langs Norskekysten. Lensmannen i Måløy meinte det ville vera fordelaktig med ein ny identitet, slik at tyskarane ikkje kunne finna han, og skreiv ut nytt pass med nytt namn. Då krigen var over bytte Torvald attende til Karlsen.

Mange historier å fortelja

At 100 år kan fyllast med ulike opplevingar er såleis tydeleg i Torvald Karlsen sitt høve. Av slike dramatiske historier har han tydeleg fleire, men:

– Det får bli ein annan gong, som han sa.

For at borna skulle få kjennskap til livet han har levd, skreiv Torvald ned viktige ting frå livshistoria si, med fokus på det som hadde skjedd før dei vart fødd. Sjølvbiografien er såleis ei kjelde som born, barneborn, oldeborn og andre kan oppsøka for å få eit større innblikk i kven Torvald er og har vore. Sonen Rune kastar seg inn i samtalen frå sidelinja.

– I 80-åra, altså i far sine 80-år, fann han ut at han trong kopimaskin og skrivemaskin. Då sat han slik og skreiv og kopierte gamle bilete. Trur det vart rundt 140 sider, fortel Rune imponert og med skrivemaskin-gester som ville slått an i kvar ein mimeleik.

– Har du to minutt? spør Torvald engasjert, før han smett opp av sin faste plass og forsvinn ut i gangen.

Destinasjonen er guterommet, eit rom som vert nytta til oppbevaring av alle slags minne. Sjølv om det vert hevda at han ikkje har kontroll på sakene der inne, dukkar han opp med det han gav seg ut for å finna, lenge før to minutt har gått. Straks kjem han difor attende med ein kvit ringperm i hendene, der han har skrive om hendingar frå farne tider. Både far og son ler litt av ordvalet, men som 100-åring må tider kunne seiast å vera farne. Vel nede att i godstolen, bler Torvald i permen. Eitt av måla er å arrestere sonen på dei 140 sidene.

– Det var nærare 200, slår forfattaren tilfreds fast.

Pagineringa sluttar på side 185, men enno er det fleire innstikk sidetal, og det er dei eldste som veit best. I permen er det kopiert opp mange gamle bilete, mellom anna der Torvald som 12-åring står flott oppstilt i sin første dress. Eitt av fotografia er frå den eine gongen søskenflokken hans var samla, dei var to brør og seks søstrer som omkransa mor si i biletet. Ei av søstrene døydde tidleg. Torvald var yngst. Og sjølv om han er den einaste attlevande, har han ingen planar om å rulla inn årene heilt enno. Ei av søstrene hans fylte også 100, men elles tynnest det i rekkjene.

Puljevis fest

Etter fleire tominuttarar og like mange rundar på guterommet, kjem samtalen kort inn på den føreståande feiringa. På den store dagen, onsdag, og i dei følgjande dagane vil jubilanten bli feira i pandemi-venlege puljar, i Sæbøvik denne gongen, og ikkje i Helgheim.

– Det er mange som vil feira dagen min, for det er jo ikkje så ofte ein får feira 100-årsdagar. Eg er den einaste onkelen onkelborna mine har, så det kjem både familie og vener dei neste dagane. Det vil koma nokre frå Uskedalen og. Vi har snakka med kommuneoverlegen, og alt skal gå føre seg i ordna former, forsikrar far og son.

Neste veke er det eit nytt jubileum på trappene, då kan Torvald og Klara feira jernbryllaup den 16. juni, etter 70 år som ektepar. I dag bur Klara delvis heime og delvis på Halsnøytunet grunna sjukdom, og familien besøkjer ho dagleg der. Grenda gratulerer med begge dei store dagane.