Sjakkurs i HEFs lokal - Under arbeid
Vi vil prøve oss med eit kurs i sjakk. Kurset vil ikkje omfatte reglane for sjakkspel, som vi vil gå ut frå er kjende for dei som vil vere med. Men likevel vil folk som ikkje er støe i reglane kunne fylgje med, fordi dei vil bli omtalte undervegs i kurset.
Vi held kurset frå 1800 til 1830 dei dagane vi spelar hurtigsjakk, slik at dei kursdeltakarane som vil, kan hive seg med på den uhøgtidelege jurtigsjakken, som går over tre rundar. Undervisarar vert Svein Erik, Toralv og Sigurd.
Kurset omfattar;
Generelle prinsipp for opningsspel, illustrert ved nokre standardopningar
Grundigare gjennomgang av nokre utvalde opningar, del 1
Grundigare gjennomgang av nokre utvalde opningar, del 2
Strategi og taktikk
Sluttspelteori: Konge og bonde mot konge, opposisjon
Sluttspelteori: Setje matt med konge og tårn mot konge
Sluttspelteori: Konge og to løparar mot konge
Sluttspelteori: Når held du remis med bonde mot dronning?
Sjakkpsykologi