Velkomen til hurtigsjakk torsdag 9. september 1830

Det vert ny hurtigsjakkturnering på torsdag, 15 minutt pluss 10 sekund per trekk. Også dei som ikkje er medlemmer av klubben er velkomne til å vere med for å prøve ut korleis det er å spele sjakk med oss. Vi held til i 4. etasje, i lokala til HEF. Dersom døra ikkje er open, trykker du på ringeklokka. Vi trekker første runde klokka 1830. Vert du nokre minutt for sein, så send ein SMS til 95746021, så tek vi deg med likevel.