Vi var 9 på hurtigsjakken denne gongen, inkludert ein gjestespelar frå Søråshøgda, Frode Bjørnstad. Ingen tok full pott, men Svein Erik, Petter og Reidar tok to poeng. Ratinga er no oppdatert med FIDE-ratinga for hurtigsjakk, for langsjakk der det ikkje er hurtigsjakkrating. Petter er på veg opp, og er den einaste ved sida av Ruben og Lulseged som bare ar eitt tap. Resultatliste.
Forfatter: Sigurd Tjelmeland
Vestlandsserie i helga: Ein WO og to uavgjorde kampar
Vi enda til slutt opp med to tapte og 4 uavgjorde kampar og hamna i den nedste halvdelen av tabellen, men kan likevel vere nøgde med innsatsen vår. Vi fekk mange interessante parti og gjorde nokre av motstandarane glade. Resultatliste.
Langsjakken runde 2: 13 til bords og Svein Erik og Ruben tar teten.
!3 er eit ulukkestal, til liks med alle andre oddetal, og vi fekk ein WO denne gongen. Men det var jo godt oppmøte og god stemning. Resultatliste.
Ulsetskogen gjorde det skarpt i KM!
Laget frå Ulsetskogen skole vart nummer 5 av i alt 14 lag. Ypperleg innsats og Sjakklubben Løperen gratulerer så mykje. Vi gratulerer også til Odd Arne som har fått dette i stand.

Hurtigsjakken: 5 bord og Ruben sig ifrå
Vi var 10 Løparar og ingen WO på hurtigsjakken torsdag. Ruben vann alle sine 3 parti igjen og ser ut til å styre mot ein trygg turneringssiger. Dersom ikkje vi andre skjerpar oss kraftig. Harald, Svein Erik og Petter tok alle to poeng. Resultatliste.
Ruben lagar turnering for freakarar!
Vårt bi-medlem Ruben har laga ei turneringsside for freakarar.
Full fart i Åsane!
I fjor vår underviste Odd Arne skulebarn i Åsane i sjakk. Det har no ført til ein sjakklubb for barn med opptil 30 medlemmer! Desse er på veg inn i den organiserte sjakken, mellom anna ved eit lag i KM for skulelag. Vi fylgjer dei med glødd hug!


Runde 1 i langsjakken: 5 bord
Svein Erik, Morten, Helge og Ruben vann sine parti medan Odd Arne og Harald delte poenget. Vi var 10 spelarar og ingen WO – ein god dag i klubben. Resultatliste.
Styremøte: Helge er ny formann og lynsjakk
På styremøtet som vart halde før torsdagens langsjakk vart Helge vald til ny formann i klubben. Vi diskuterte speleformatet og gjorde bare ei endring: Vi tar ei lynsjakkturnering første torsdagen etter påske. Så no veit alle kva dei skal bruke påska til.
Årsmøtet: Helge inn i styret!
11 Løparar møtte fram på årsmøtet. Sigurd sa frå seg attval og Helge Olsen vart vald inn i styret i staden. Årsmøtet vedtok at styret arbeider for å prøve ut ei ny nettløysing der det er lettare å vedlikehalde eit kartotek, basert på google sites. Eit framlegg om å gjennomføre ein Bergerturnering i langsjakken fall fordi årsmøtet gjerne ville behalde den fleksibiliteten vi har hatt til no. Vi avslutta med ei rekke trivelege sjakkparti.
Valkomiteen: Ledig plass i styret
Sigurd ynskjer å ta ein pause frå styrearbeid, og valkomiteen (Toralv og Morten) ser etter Løparar som kan ha hug til å vere med i styret ein periode. Det er interessant og gjevande! Ta kontakt med Toralv (91663374) eller Morten (95768176) om du kunne tenke deg eit styreverv for ein periode.
God jul! Vi møtest att 9. januar. Saker til årsmøtet.
Med unntak av sjakkafe på tysdag er det slutt for aktiviteten i Løperen for i år. Vi ynskjer alle god jul. Torsdag 9. januar samlast vi att til årsmøte med påfylgjande uhøgtideleg hurtigsjakk, Deretter startar vårturneringane opp. Vel møtt i 2025!
Ved sida av vanlege årsmøtesaker vil vi sjå nærare på to ting:
Det eine er kva nettløysing vi skal ha framover. Harald har eit framlegg til alternativ til det vi har no. Det andre er turneringsformatet. Styret har kome i tankar om at sidan vi er ein så liten klubb, har vi mulighet til å gjennomføre ein alle-mot-alle (Berger) turnering i langsjakk. Det krev truleg påmelding på førehand og at vi set av nokre kveldar til å gjennomføre parti der ein spelar ikkje kan møte til ordinært oppsett tid.

Lulseged vann haustens langsjakkturnering
Trass fråver i siste runde vann Lulseged ausrens langsjakk. Men Ruben vart vinnar av den samanslegne vår-haust turneringa. Vi var 4 bord og ingen WO. Det var kjekt at våre bimedlemmer Gabriel og Magne dukka opp denne gongen og. Resultatliste. På torsdag som kjem er det hyggekveld med meir uformell sjakk og litt servering.
Harald tok hurtigsjakken!
Vi var 5 i rundane 19-21, som var avslutningen på haustens hurtigsjakkturnering. Det var kjekt at Egil, som vi treffer på tirsdagskafeen, møtte opp. I Petters fråver nytta Harald sjansen til å ta 2 poeng og dermed turneringssigeren. Gratulerer! Resultatliste.
6. runde av langsjakken: Lulseged aleine i tet.
Det var tre bord i runde 6. Lulseged vann sitt parti og er no aleine i teten. Gabriel dukka heldigvis opp att. Dessverre ein WO. Resultatliste.