På torsdag er det oppstart av haustturneringa

Vi startar kl 1830 som vanleg. No er det langsjakk, 1 time og 30 minutt pluss 30 sekund per trekk. Turneringsresultatet vert meldt inn til FIDE for justering av internasjonal rating, så det er viktig at alle som er med, er innmelde i klubben og har betalt kontingent i god tid før turneringa vert rapportert.

Inngangsdøra vil vere open i tidsrommet 1810-1845. Dersom ikkje, send ein SMS til 95746021. Vi trekker runden kl 1830, så dersom du skulle kome nokre minutt etter det, så send ein SMS, så inkluderer vi deg i trekninga likevel.

Dersom vi vert ulike antal, er det dessverre ein som må reise heim att utan å få spele. Men for kvar person vil det bare skje (maks) ein gong i løpet av hausten.