I morgon (torsdag 30 april) er det hurtigsjakk!

Vi held fram med alterneringa mellom langsjakk og hurtigsjakk og i morgon er det det korte formatet. Det vert 3 rundar i den pågåande hurtigsjakkturneringa. Dette er eit meir uhøgtidleg opplegg enn langsjakken, fordi hurtigsjakkturneringa ikkje er FIDE-rata. Velkomen også til dei som bare vil stikke innom og prøve ut kva dette er.