Vi startar opp 31 august!

Torsdag 31. august vert første speledagen i haustsesongen. Vi startar med hurtigsjakk og alternerer med FIDE-rata langsjakk utover i sesongen, før vi sluttar med ei Fischerturnering og ei lynsjakkturnering. Siste spelekveld er 7. desember. Det skal bli fint å treffast att etter sommarfråveret. Eit spesielt velkomen til nye medlemmer. Vi har eit tilbakelent og uhøgtideleg tilhøve til folk som kjem og går når det gjeld hurtigsjakken, men dei som skal vere med i langsjakkturneringa bør betale klubbkontingenten, helst før første langsjakkveld.

(Se detaljert oversikt under meny-punktet «Kalender !!!!» oppe lengst til høyre på hjemmesiden).