Vel møtt på torsdag – vi prøver med to klassar i turneringane!

Vi startar turneringssesongen med hurtigsjakk på torsdag, og nytt av året er at vi prøver oss med ein a-klasse og ein b-klasse, slik at dei mest avslappa av oss kan bli skjerma frå den verste konkurransegløden i a-klassen. Folk kan skifte fritt mellom klassane. Bare a-klassen tel i klubbmeisterskapen.