Filosofane seier ikkje: Du tenker.
Filosofane seier: Det vert tenkt i deg.
Og ja, det vert spela sjakk i deg.
Den indre sjakkspelaren
kan gjere gode trekk.
Men kjem Ho forbi og smiler til deg og seier eitkvart
set du dronninga i slag.