Til vanleg slår han meg
gong etter gong.
Kverker meg ned i gjørma
og set matt med eit glis.
Men denne gongen!
Denne gongen må han ha gjort eit mistak
for brikkene mine flyt fint
og destruerer hans brikker
ein etter ein
til han er naken og forsvarslaus.
Eg skal setje inn støtet
og førebur det endelege slaget.
Han er patt!
Han er i trekket og kan ikkje flytte!
Vi må dele poenget
trass i at han er nedkjempa.
Og så kjem det for auga:
Alle mine offiserer er skuldige i patten,
eit kollektivt mytteri,
ein vanvørdnad av mitt glitrande spel,
eit svik.
Eg er lamma av sjokk
til eg startar å le.
Eg ler enno.