Dei prøver å spele på meg
ein dobbeltbonde.
Ein svakleik i stillinga,
eit lyte.
Og der vart det ein trippelbonde!
Men sjå!
Ein spydodd inn i motstandarens stilling,
den rasper med seg fiendar til høgre og venstre,
djupforsvar!
Og sjå:
På begge sider er det klar bane for tungt materiell!
Sigurds kanon!
Kanskje går det bra likevel?