Bøndene marsjerer,
finn seg fint til rette,
stør kvarandre på skrå,
på same farge.
Ikkje min farge!
Eg er passivisert
og skjønar brått:
Eg er ein Dårleg Løpar!
Eg har liten verdi, og sjå:
Eg vert bytta ut mot ein springar.
På veg ut av brettet
lysnar ei von
om få vere
Den Gode Løparen
i neste parti.