Vårsesongen i Løperen er slutt, men kafesjakken held fram – med turnering!

I dag var det ingen frå Læringssenteret med på kafesjakken i Mat og Prat – dei var opptekne med prøve. Men vi frå Løperen spela ein runde i turneringa likevel. Turneringa i Mat og Prat er open for alle og rundetrekking er kl 11 kvar tysdag for at elevar frå Læringssenteret kan vere med. Vi brukar klokke og har lagt oss på formatet 15 minutt ved start og 10 sekund ekstra per trekk. Ein runde kvar gong.