Kven vil gje eit handslag til innvandrarar?

Vi har tidlegare hatt etter mi meining gode aktivitetar retta mot innvandrarar, både i Mat og Prat og i Kanalveien. Og ikkje minst innvandrar-turneringane har fungert bra. Etter at Læringssenteret for til Landås, har Mat og Prat blitt ein rein sjakkafe, sjølv om vi kanskje kunne tenke på tiltak for å restaurere sjakkinteressa hos dei som bur på omsorgssenteret.

No er Inkluderingssenteret og Læringssenteret samlokaliserte på Landås, og begge ser gjerne at vi kjem opp med sjakk til dei. Dei opnar ein kafe der i mai. Førebels er ingenting avtalt, og vi veit ikkje om det er mest interesse for undervisning elller bare speling (under kyndig rettleiing frå Løperen).

Kunne dei av dykk som har lyst til å vere med gje meg eit ord om kva dagar/tidspunkt som kan eller ikkje kan vere aktuelle? SMS: 95746021, mail: sigurdtjelm@gmail.com. Helsing Sigurd.

Runde 6 i langsjakken: Ruben styrer mot siger

Vi far 4 bord i runde 5, og ingen WO. Ruben vann over Morten og med 6 strake ser han ut til å styre mot siger i turneringa. Men kven veit, kanskje vi andre skjerper oss og byd han kamp framover? Sverre (S) vann over Odd Arne og tok sin fyrste siger i Løperen etter fokusert og nøyaktig spel. Jan Øystein måtte til slutt ned mot Sigurd etter ein lang batalje som kunne ha gått begge vegar. Trass i stor vinnarvilje frå begge vart det remis mellom Svein Erik og Toralv etter eit langt parti. Resultatliste.

Toralv og Jostein tok før-påske hurtigsjakken!

I går var siste spelekveld for hurtigsjakkturneringa før påske. I Josteins fråver nytta Toralv høvet til å kome opp på delt førsteplass, med god margin til resten av feltet. Vi var 4 bord, og stemninga var som vanleg god. Komande torsdag vert det langsjakk att, og den turneringa går ubroten fram til sommaren. Etter påske vert det ny hurtigsjakkturnering. Resultatliste.

Hurtigsjakken: Toralv og Wim med tre strake!

Vi var 5 bord pluss ein WO til runde 10-12 i hurtigsjakkturneringa. Toralv og Wim imponerte med tre strake og arbeider seg stødig oppover på resultatlista. Men Jostein held framleis stand i toppen. Det var fleire nye ungdommar med stødig brikkeføring og vi ynskjer August, Kenneth og Thomas hjarteleg velkomne i klubben!

Sannsynlegvis må neste hurtigsjakkveld den 29. februar avlysast på grunn av arrangement i lokala. Vi kjem tilbake til det seinare.

Morten leiar langsjakken

Morten er komen best i gang i langsjakken og leiar no turneringa med eit halvt poengs forsprang til Ruben, Sverre, Wim og John. I motsetnad til dei fleste andre i klubben er Morten totalt upredikerbar i opninga, denne gongen måtte Svein Erik ned mot ei Reti-opning. John rekna lengst og sikrast og slo gjennom på kongefløyen før Sigurd kunne realisere sine voner til ein fribonde på dronningfløyen. I den skarpe Botvinnik-Panov varianten i Caro-Kann måtte Wim til slutt ned mot Ruben i eit langt og solid parti. Vi var bare 3 bord, men ingen WO og god stemning. Resultatliste.