Sosial og uformell sjakkveld!

No på torsdag avsluttar vi vårsesongen med ein sosial kveld der vi legg vekk tankar om rata parti, ikkje pakkar opp sjakklokkene og kosar oss med uformell sjakk og høveleg servering. Eit godt høve for nye til å bli kjende med oss i Løperen. Velkomne alle!